Johnny "Kleivakongen" Stanghelle - gitar:
Johnny er sjølvaste Kleivakongen og spelar sologitar og akkustisk gitar. Namnet har han hatt lenge ettersom han bur på "Kleive" på Stanghelle. Johnny har hatt ei utruleg utvikling på si musikalske "karriere". Frå å vera ein nattleik-plagar som sat og knota i ein krok, er han blitt damenes yndling som meir ein ein gong har fått lange blikk og dame på innsida av gitar-reima. Guten som begynte med lånt elgitar og ei sleiv av ein akkustisk gitar, er blitt ein utstyrsfrik med Gretsch og Gibson i gitarstativet. Kleivakongen har ein hund som er like stor og snill som eigaren. Den heiter Aron og har fått namn etter ein annan konge.
Lorents Tvedt - vokal og bass:
Lorents er utan tvil den tøffaste i bandet. Han har frå dag ein våga både å syngja og å stå fremst på scena. Måten han har lært seg kombinasjonen å syngja og spela bass, er beint ut imponerande. Det er ikkje tilfeldig at det i den vestlege verda berre er Lorents og Sting som gjer dette. Han beherskar dei fleste sjangrar, alt frå vals til det hardaste og tøffaste som tenkjast kan. Bassreim reiste han til Japan for å kjøpa. Lorents er klar for det meste, seier aldri nei og er ein skikkeleg god mann.
Esben Hesjedal - gitar, keyboard, munnspel og vokal:
Esben er multimusikar og spelar alle instrument av betydning. Han har musikalsk teft og kan fortelja kva som let bra, og kva som ikkje let full så bra. I bandet trakterer han i hovudsak rytmegitar, og det er då han trivst best. Men innimellom byter han til keyboard og viser seg då som bandet sin improvisator. Mest av alt imponerer han kanskje når han bles i munnspelet. Ein bymann som utgav seg for å vera ein kjennar påstod ein gong at han har ein stil som minnar om Bob Dylan. Esben korar også, og syng klokkereint på lyse tonar som elles berre prepubertelle og kastratsongarar tar. Han har også ansvaret for ein del av hovudvokalen i bandet.
Kjell Atle Gullbrå - trommer og vokal:
Kjell Atle er bandet sin musikalske hjerne. Han kan notar, har gehør og kan traktera dei fleste instrument. Multimusikaren kan spela alle tenkelege og utenkelege korpsinstrument, i tillegg til mellom anna keyboaord og piano - og det som ein gud. Når det knyter seg instruerer han også dei øvrige bandmedlemmene både på bass, gitar, keyboard og vokal. I Kleivakongen & The Underdogs har han fått oppfylt gutedraumen om å vera trommis. Dessutan korar han og er sjef på 3. stemma. Er det noko du lurar på, uansett tema, spør Kjell Atle.
|