The Kleivakongen Story!
Den usminka historien om Kleivakongen & Dei er ei beretning om ei vinglete ferd på den musikalske motorvegen. Det er historien om å starta på null med eit nesten utenkjeleg mål om å spela for levande folk blinkande langt borte i skoddeheimen.
Kleivakongen & Dei si musikalske ferd starta på nyåret i 2006. Fire godt vaksne karar fekk det då for seg at tida var inne for å realisera gutedraumen om å spela i band. På Vaksdal skule var det ledig øvingsrom, og karane starta med tomme hender og eit brennande ønske om å få fram lyd som i eit rockeband. Det skulle gå ei lang stund før ønsket vart oppfylt.
Først måtte ein bestemma seg for kven som skulle prøva å spela dei ulike instrumenta. Lorents tok her på seg den krevjande oppgåva med å vera vokalist. Samtidig skulle han læra seg å spela bass. Bass/vokal er ein kombinasjon som ikkje er heilt vanleg, og det er ein grunn til det: Det er ikkje lett! Men med krum hals og pågangsmot ein jordbærplukkar verdig, fekk Lorents stadig betre drag på det. Kjell Atle fekk realisert trommedraumane sine, Johnny var sjølvskriven sologitarist medan Esben iførte seg rytmegitar, trykte litt på tastane på keybordet og blåste og saug i eit munnspel han hadde liggjande.
På bilturane til øvingslokalet på Vaksdal søndagskveldane var mange og varierte tema oppe til drøfting. Det vart også kasta fram ei rekkje fantasifulle og kreative teoriar om korleis ein skulle gå fram for å få dreis på spelinga.
Ryktene om at eit nytt band var danna begynte å gå. Ein konsekvens av dette var at det kom førespurnader om spelejobbar. Desse vart, fornuftig nok, høfleg avvist og ledd vekk av bandmedlemmene. Det ville då kun vore spesielt interesserte som kunne ha hygga seg i festleg lag til Kleivakongen og hans menn sine krumspring med instrumenta.
Men i juni 2006 vart fornuften skubba tilsides for ungdommeleg overmot. Det var riktig nok eit både lita og slutta lag då bandet gjorde sin debutkonsert ”unplugged” på Stanghelle. Responsen var god, takksigelsane verka ekte og Kleivakongen var på veg ut til folket. Det skulle likevel gå eit halvt år før neste stunt.
I romjula 2006 inviterte bandet til ”Musikalsk romjuls-quiz” i Løo på Dalegarden, som då hadde teke over som øvingslokale. Eit nøye utplukka publikum beståande av godhjarta slekt og venner overvar det som må seiast å vera den eigentlege debutkonserten. Det var mange stive smil og flakkande blikk å sjå, men etterkvart som kvelden skrei fram steig stemningen - med god hjelp frå dei av publikum som hadde fri frå jobb dagen etter og hadde vore forutsjåande nok til å ta med niste.
Trass i at seansen i Løo hadde avdekka at bandet hadde eit stort forbetringspotensiale på alle område, vart det bestemt at bandet skulle spela på nyskapingen ”Bygdapub i kjellaren på Stanghelle” i mars 2007. Ein føresetnad frå bandmedlemmene si side var at det ikkje skulle kunngjerast kven som skulle spela, og at jobben var ubetalt. Iherdig øving i forkant gjorde at dette var ein nokså vellukka happening med mykje folk og god stemning. Folk dansa, lo, skrytte og smigra slik at bandmedlemmene fekk fornya tru på prosjektet: ”Rockestjerner før 50”.
Meir øving følgde, og repertoaret auka vesentleg. Det kom så ein førespurnad om spelejobb i eit privat lag på Stanghelle i juni. Bandmedlemmene bestemte seg for å ta utfordringa, og det viste seg å gå bra. Tilbakemeldingane var gode, stemningen høg og Kleivakongen gjekk frå scena medan eit taktfast publikum ville ha meir!
Den verkelege elddåpen var kanskje då bandet i februar 2008 stod på plakaten på sjølvaste Puben på Dale. Mykje folk og god stemning gjorde dette til ei hyggjeleg oppleving. På Daledagane i juni var bandet igjen i støtet. I regi av AO-Bandet vart det mykje moro i teltet, og også nokre minneverdige fellesnummer med AO-gjengen.
Sidan har det skjedd mykje pussig, som bildet under mellom anna vitnar om - men trykkjer ein ned rette knappen på kassettspelaren og spolar ein fram til 2014 - er endeleg tida for å presentera eigen musikk kommen. I januar og februar var bandet i Havnelageret Studio i Bergen, der Morten Skage (produsent) og Daniel Birkeland (teknikar) delte sine magiske, musikalske evner med bandet. Resultatet vert presentert utover i 2014 ...
|
|
|